Mange bøker handlar om korleis kunnskap tek til - om læring. Denne boka handlar meir om at kunnskap kan ta slutt eller kome til kort - at kunnskapen kan miste kontaktar i verda og tape bruksverdi i livet til den som eig kunnskapen. Når kunnskap er stadfesta eller sikra med ulike sterke band, kan kunnskapen få personleg berekraft. I motsett fall kan kunnskapen både bli einsam og keisam eller han kan bli uskarp, ukritisk, feig eller lat. Det kostar å halde seg med kunnskap. Og det å vere kunnskapsrik er ikkje eit spørsmål om kvantitet, men om kvalitet. Utdanning er berre ei halv forsikring for eit langt og vitalt kunnskapsliv. I eit samfunn der kunnskapskrava endrar seg radikalt gjennom livsløpet, kan vernet om kunnskapsgleda hos vaksne vere like viktig som det å fremje læringslysta hos dei unge, hevdar forfattaren. Boka tilbyr ulike teoretiske perspektiv på kva det vil seie å forvalte personleg kunnskap på ein god måte. Ansvaret for ei slik forvalting er ikkje først og fremst ei sak for profesjonelle pedagogar, men gjeld den enkelte i sitt eige kunnskapsunivers. Den som vil gjere inspeksjonar i eige kunnskapsliv, og som kanskje strevar med å skjøtte relasjonar til personlege objekt for kunnskap i kvardagen eller i arbeidslivet, kan ha godt av å lese denne boka. "Kritisk, men optimistisk bok om kunnskapslivets venner og fiender." Bokomtale i Forskerforum.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205464896
Publisert
2015-10-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Vekt
501 gr
Høyde
219 mm
Bredde
156 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
308

Forfatter