Leif Rygg (1940-2018) var riksspelemann og ein bauta i norsk folkemusikk. Han hadde ein heilt eigen tone i slåttespelet og var ein formidlar av rang. Rygg var lidenskapleg interessert i det han dreiv med, og hadde ei unik evne til å begeistre dei rundt seg. I tillegg til spelemann var han ein dyktig kulturentrepenør og organisator. Han arbeidde systematisk med rekruttering og opplæring for å halde folkemusikkmiljøet levande, og bygde opp spelemannskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss til eit akademisk studium. Leif Rygg sitt aller største bidrag var hans livslange arbeid for å vidareføre den rike vestlandske slåttearven. I boka fortel sonen Steinar Rygg om korleis han opplevde far sin. I tillegg er mellom andre Håkon Høgemo, Gunnar Stubseid, Sigrid Moldestad, Liv Merete Kroken, Hans Bohm, Knut Buen og Håkon Asheim gjesteskrivarar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279593232
Publisert
2021-10-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
655 gr
Høyde
237 mm
Bredde
167 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
206

Forfatter