Tekst og foto: Solgunn M. Flaktveit. Forfatter: Denne diktsamlinga har eg skrive for dottera mi, Audhild, som brått vart riven bort 17 år gamal. Den skal vera til minne om henne. Det har vore både godt og vondt å skriva desse dikta, og dei har vorte til over fleire år. Samlinga startar med dikt frå hennar første leveår. Så skriv eg om den vonde tida etter ulykka, om smerta, sorga og savnet. Vidare handlar dikta om at det vert lettare å leva med savnet når håpet og dei gode minna får plass. På sikt vert sorga dempa, men savnet er likevel med. Opplevingar på turar i fjellet, gjerne åleine, har gitt impulsar til dikta mine. Det er godt å kunna kjenna på minna vi har, og ta dei fram i gode stunder. Når vi snakkar om den vi har mista, kan det kjennast som han eller ho er med oss. Slik kan ein føla at den som har gått bort likevel er nær. Eg vonar at dikta kan vera til hjelp for andre som har opplevd sorg og tap
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788253303444
Publisert
2016-11-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Grieg
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
48

Illustratør