Helge Torvund debuterte for 30 år sidan med diktsamlinga Hendene i byen. Han har sidan publisert ei lang rekkje diktsamlingar, barnebøker, gjendiktingar og essay. Alt er høy er hans 25. diktsamling. Her utvidar og utviklar han sitt poetiske univers. Gjennom lange linjer flettar han saman det barokke og det surrealistiske med eit inderleg biletspråk som rører seg på mange plan av tilværet. Sagt om forfattarskapen: "... [Torvund] står på jorda 'fylt til leppene av det verkelege'. Her står han og arbeider med forholdet mellom ord og ting. Ikkje ut frå ei naiv tru på einskap og heilskap i verda, men ut frå språkkunstnaren si mistru til klisjéfylt kvardagsspråk og sløvande maktspråk. Men Torvund sitt språkkritiske arbeid er ikkje - som hos tradisjonskritikarar som Georg Johannesen og Einar Økland - undergravande paradoksfylt eller ironisk negativt. Han lagar i staden presist sansa motbilete, set bitane saman på nye måtar, bygger nye samanhengar mellom røynd og ord." Sigrid Bø Grønstøl i Vestlandets historie, bind 3 Kultur (Vigmostad & Bjørke, 2006)
Les mer
Gjennom lange linjer flettar forfattaren saman det barokke og det surrealistiske med eit inderleg biletspråk som rører seg på mange plan av tilværet.

Produktdetaljer

ISBN
9788252170351
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
220 gr
Høyde
240 mm
Bredde
172 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
94

Forfatter