Politikaren, publisisten, gründaren og strategen Hagbard Emanuel Berner (1839-1920) var ein mangfaldig aktivist. Han var grunnleggjar og første redaktør av Dagbladet, grunnleggjar og første formann i Norsk Kvinnesaksforening, han grunnla Det Norske Samlaget, og han sat i ni år på Stortinget for Venstre. Han var engasjert i likbrenningssaka, og han var kjent som Flagg-Berner - mannen bak det reine norske flagget. Han var borgarmeister i Kristiania i 15 år, og før det hadde han vore direktør i Hypotekbanken like lenge. Og statsrevisor endå lengre. Hagbard Berner var eit prisme for si tid. Ein radikal blekksprut og strateg, som visste kor viktig det var med organisering og alliansebygging. Han sto midt oppe i det store venstreprosjektet som forandra Noreg i siste halvdel av 1800-talet. Dette er eit portrett av ein mann, hans miljø og hans tid. Ei tid då alt var politikk.
Les mer
Boka gir eit portrett av politikaren, publisisten, gründaren og strategen Hagbard Berner. Berner var grunnleggjar og første redaktør av Dagbladet, grunnleggjar og første formann i Norsk Kvinnesaksforening, samt grunnleggjar av Det Norske Samlaget. Han sat ni år på Stortinget for Venstre, var engasjert i likbrenningssaka, og var kjent som Flagg-Berner, mannen bak det reine norske flagget. Berner var borgarmeister i Kristiania i 15 år, direktør i Hypotekbanken og statsrevisor. I siste halvdel av 1800-talet sto han midt oppe i det store venstreprosjektet som forandra Noreg. Har litteraturliste og personregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252166521
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
526 gr
Høyde
231 mm
Bredde
158 mm
Tykkelse
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
200

Forfatter