Året 1814

E-bok / 2014 / Nynorsk
143,-

Dette er en e-bok som kan lastes ned. Du vil få en nedlastningslenke på e-post når du har fullført kjøpet.
Klikk her for mer info.

Produktbeskrivelse

Ståle Dyrvik er ein av våre mest profilerte historikarar. I denne boka gir han ein kortfatta introduksjon til dei dramatiske hendingane i 1814 og ei nytolking av desse. Historikarar er stort sett samde om at Noreg i 1814 oppnådde fridom og sjølvstende. Fridomen låg i ei for si tid svært demokratisk grunnlov. Sjølvstendet kom til uttrykk i at den nye unionen med Sverige berre var eit kongefellesskap. Men diskusjonane har gått høgt om andre sider ved dette året: Kven var dei sentrale aktørane i hendingane i 1814? Var omskiftet resultatet av ei langvarig indre utvikling, eller skuldast det dei utanrikspolitiske konjunkturane under napoleonskrigane? Og korleis kunne Noreg i eitt sprang byte ut einevelde med folkestyre, samtidig som det norske samfunnet synest så upåverka av den politiske omveltinga? I denne boka nøstar Ståle Dyrvik opp både dei lange og dei korte trådane fram til 1814. Samstundes viser han korleis ulike historikarar har tolka 1814 tidlegare, og gjennom ei meir systemteoretisk tilnærming til problematikken opnar han for ei nytolking av 1814. UTSYN>INNSIKT er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske stillingar.
Les mer »

Detaljer

Format
Product format
E-bok
Utgiver
Vendor
Samlaget
Språk
Product language
Nynorsk
Publisert
2014