Arne Garborg har ein eineståande posisjon i norsk litteratur. Han skreiv truleg den beste romanen i sin periode (Fred), den beste diktsamlinga (Haugtussa), det første store nynorske dramaet (Læraren) og nokre av dei beste essaya i norsk litteratur (Hanna Winsnes Kogebog). Denne eineståande innsatsen hadde ein mørk bakgrunn. Faren var alvorleg sinnslidande, og då Garborg var 19 år, enda faren livet for eiga hand. Mykje av Garborgs forfattarskap handlar om å forstå kvifor dette hende. Dette traumaet, kombinert med heilt uvanleg intelligens og orienteringsevne, førte Garborg inn i dei fleste sentrale filosofiske og religiøse straumdrag i samtida. Han bevegar seg frå tradisjonell kristendom til vitskapstru og religionskritikk, vender tilbake til grunnspørsmåla i tilværet, og skaper til slutt si eiga originale tolking av Jesus og Det nye testamentet. Vi kan fylgja dette i meisterverk som Bondestudentar, Fred, Trætte Mænd, Haugtussa og Den burtkomne Faderen.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2015-10-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter