I Å bera nakne nyklar skriv Per Helge Genberg sanseleg oglyrisk om livet på garden. Det er ei livshistorie, slektshistorie og ein liten bit av noregshistoria, som mange vil kjenne seg igjen i. I denne lyriske, sjølvbiografiske forteljinga vever Genberg saman guten sine opplevingar med den vaksne mannen si tolking av stad, hendingar og slektningar. Guten og familien hans er bundne til garden, til landskapet, til slekta, til sauene. Boka handlar om desse banda, på godt og vondt. Livet og garden vert skildra som ei vakker gåve, og ei krevjande plikt. Men boka er òg ei forteljing om den etterlengta kjærleiken mannen får oppleve i vaksen alder. Og om kjærleiken til litteraturen, som går og som ein raud tråd gjennom familien, men som vert forløyst med eg-personen i tekstane. Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med boka Finna kyrkjedøra i meg i 2018. Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241919060
Publisert
2019-03-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
164 gr
Høyde
206 mm
Bredde
135 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
64

Forfatter