Ei uvanleg underhaldande kokebok full av knallgode oppskrifter. Forfattar Linda Eide dreg på oppdagingsreise med Hanna Frosta, sjefkokken som kasta ut sitt populære middelhavskjøkken og erstatta det med ein meny basert berre på norske smakar. I jakta på gode råvarer og sterke smaksopplevingar reiser dei på smale grusvegar, gjennom tronge dalar og til oasar midt i byen. Her lagar dei Hanne sine beste rettar av sesongens råvarer og det som vert hausta, slakta og fiska i nærleiken. Med Linda Eide sitt vittige skråblikk, kunnskapen til Hanne Frosta og Thor Brødreskift sine fotografi, er dette ei uimotståeleg og inspirerande kokebok. «No sit me og et blåmuggostekake i ein sofa, og har nettopp funne ut at med ei lita stripe kreklingsirup eller blåbærsirup ved sida av vert denne kaka så god at all verdas dessertmenyar må skrivast om, den franske fromasjdessertideen reviderast, og Hanne Frosta forgyllast.» (Frå boka) Om forfattarne: Linda Eide (f. 1969) er programleiar, forfattar og journalist, mellom anna kjend frå NRK-serien Norsk attraksjon. Hanne Frosta (f. 1962) er kokk og kokebokforfattar. Ho dreiv restauranten Hanne på Høyden i Bergen i 14 år.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241910555
Publisert
2015-10-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
1045 gr
Høyde
267 mm
Bredde
220 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
220

Illustratør