Joe sit på hotellrommet med jetlag og verkande hender. New York skal bli hans, men på tv-skjermen ser han sin eigen død annonsert. Mick har vakse opp hos bestemora med piss i oppgangen og gitaren som einaste vegen ut. Endelig er han blitt alt han drømte om. Paul er den vakraste guten i sin generasjon, men det er bare Pearl han vil ha, Pearl som fell i koma og blir kjørt til sjukehus i all hast. Topper er Kongen av Broadway, verdas beste trommis i to timar kvar kveld. Resten av døgnet forsøker han å øydelegge seg sjølv. "Brenn huset ned" er forteljinga om fire menn som saman lagde eit eineståande pønkeband. Romanen tar til forsommaren 1981 då New York er hardt ramma av varmebølge og engelsk rock?n?roll. Bandet er på høgda av karrieren og på kanten av stupet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249514007
Publisert
2014-05-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
178 gr
Høyde
185 mm
Bredde
116 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
185

Forfatter