Brennbart er ei historie om korleis usanningar og kunnskapsløyse kan veksa til historieforfalsking. Førestellinga om ei tett kopling mellom Nasjonal Samling og målrørsla vart forma i dei første åra etter krigen. Seinare vart den bygd ut av eit riksmålsforbund med særs mykje å skjula, og deretter av historikaren Hans Fredrik Dahl, av forfattaren og politikaren Lars Roar Langslet og av mange andre. Denne aggressivt kunnskapsfiendtlege linja i kulturpolitikken fører mellom anna til bokbrenning på Oslos beste vest så seint som i 1999. Nynorsk og annan motkultur skal reinskast ut og makteliten tek på seg jobben. Kjartan Fløgstads bitande pamflett teiknar eit bilete av korleis revisjonistiske og inkompetente historikarar og politikarar har freista å knusa det språklege mangfaldet, og med det skapa djupare kulturelle sprekker i Norge enn på hundre år.
Les mer
Dette er ei historie om språk, språkmakt, maktspråk og falsk historie. Dette er ei historie om korleis usanningar og kunnskapsløyse kan veksa til historieforfalsking. Forfattaren meiner at førestellinga om ei tett kopling mellom Nasjonal Samling og målrørsla vart forma i dei første åra etter krigen. Seinare vart den bygd ut av riksmålsforbundet, og deretter av historikarar, forfattarar og politikare. Nynorsk og annan motkultur skal reinskast ut og makteliten tek på seg jobben. Forfattaren meiner mange har freista å knusa det språklege mangfaldet, og med det skapa djupa kulturelle sprekker i Noreg.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205336971
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
140 gr
Høyde
120 mm
Bredde
170 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
141

Forfatter