Ho tok dei vala Noreg gav henne, no vil ikkje Noreg ha henne. Då somaliske Mona Ibrahim Ahmed var 16, tok ho eit modig val. Ho ville bestemme over sitt eige liv. Det kosta henne dyrt og gjekk ut over forholdet til familien og miljøet ho kom frå. Etter ni år i Noreg fekk Mona eit brev i posten frå den norske staten. Søknaden om å bli norsk statsborgar vart avslått. I løpet av dei siste åra har Mona blitt ei sentral stemme i Bergen. Ho er ei av dei som oppmuntrar unge med minoritetsbakgrunn til å ta eigne val. Mona tok dei vala Noreg gav henne, no vil heller ikkje Noreg ha henne her. I Brev til Noreg fortel Mona om oppveksten som somalisk flyktning i Etiopia, om reisa til Noreg, om å komme frå ein klankultur til eit samfunn der staten har overteke mange av familiens oppgåver, og om møtet med eit land som lærte henne at det å reflektere er ei gåve, at det å ta eigne val er ein rett.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2018-12-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok