Om den vanskelegaste jobben ein kan ha. Ivar skal bli far for første gong, men minna om hans eigen far veltar opp i han då guten blir fødd, og han torer ikkje å halde i sitt eige barn. For å meistre farsrolla må han forsone seg med sin eigen barndom. Han må attende til den sommaren far hans skal lære han å køyre båt, men faren ber på ei stor sorg og har andre planar. Finst det noko anna enn ein mørk lagnad når han møter far sin att i dagane utan namn, den sommaren på hytta då alt brått endra seg? «Dagane utan namn» er ei dramatisk forteljing om den mest utsette posisjonen ein kan ha: å vere barn - og om den vanskelegaste jobben ein kan ha: å vere forelder.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234000003
Publisert
2019-08-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
280 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
157

Forfatter