Venstre var regjeringsparti i meir enn halvparten av perioden 1905.40 og sette sitt preg på norsk politikk under leiing av to profilerte førarar: Gunnar Knudsen og Johan Ludwig Mowinckel. Etter 1905 søkte Venstre å rydda seg eit breitt rom i det politiske sentrum og følgja ein «gyllen mellomveg» mellom Høgre og det raskt veksande sosialdemokratiske partiet. Boka fortel historia om korleis Venstre møtte utfordringane langs denne vegen i ein periode da interessekampen og dei sosiale motsetningane i samfunnet hardna til. Under Gunnar Knudsens leiarskap nådde partiet eit høgdepunkt i veljartilslutning og styringsmakt, men medgangen kulminerte under første verdskrigen, og partiet tapte stadig terreng ved vala i mellomkrigstida. Med Johan Ludwig Mowinckel som strateg greidde det likevel å hevda seg i det parlamentariske spelet om regjeringsmakta inntil 1935. I opposisjonsrolla dei følgjande åra la Venstre bort regjeringsambisjonane og vart i høg grad støttespelar for det sigrande Arbeidarpartiet. . Framstillinga i boka er inndelt tematisk så lesarane kan velja ut emne av spesiell interesse. Leiv Mjeldheim er professor emeritus i historie ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare gjeve ut mellom anna Parti og rørsle. Ein studie av Venstre i landkrinsane 1906.1918 (1978) og Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905 (1984).
Les mer
Etter 1905 søkte Venstre å rydda seg eit breitt rom i det politiske sentrum og følgja ein "gyllen mellomveg" mellom Høgre og det raskt veksande sosialdemokratiske partiet. Boka fortel historia om korleis Venstre møtte utfordringane langs denne vegen i ein periode da interessekampen og dei sosiale motsetningane i samfunnet hardna til.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241903847
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad & Bjørke
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
650

Forfatter