Å finne trøyst i litteraturen. Ein vinterdag i 1985 køyrer ei lita jente det grå akebrettet til broren utfor vegen og fell uti sjøen på grunna. Der blir ho liggjande med andletet ned og druknar, berre fem år gammal. Tilbake står ein familie på to vaksne og tre barn. Ingen såg kva som skjedde. Mange år etterpå nærmar broren seg ulykka gjennom å skrive. Han finn glede og trøyst i å lese. I dialog med litteraturen leiter han etter ei form til skildringa av det som skjedde. Mercedes av Ragnar Hovland opnar noko for han. Hemingway dukkar opp i form av ein katt som krev kald mjølk og gir skriveråd. Ein strandnellik held ein TED-talk om livet på fyret der ute. Tekst for tekst teiknar forfattaren eit portrett av ei øy og ein familie. Gjennom stilsikker sjangerleik og full av kjærleik heidrar han ei lita søster.
Les mer
"I sum klarer fortellingene å uttrykke noe helt vesentlig om hva lesing gjennom et liv kan tilføre"

Produktdetaljer

ISBN
9788252199123
Publisert
2020-08-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
319 gr
Høyde
210 mm
Bredde
136 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
159