Mobilisering handlar om å få andre med. Korleis engasjera og mobilisera i ei tid der me druknar i medietilbod og fritidsaktivitetar? Både private og offentlege utviklingsaktørar møter denne krevjande utfordringa. Folk sin rett til medverknad i utviklingsprosessar er no og nedfelt i plan og bygningslov. Men kva er eigentleg «medverknad» i praksis? Rett til å levera eit høyringssvar? eller til å delta på eit informasjonsmøte? Denne boka presenterer ein modell for mobilisering som går langt vidare: dialogbasert utvikling er å gje reelt eigarskap til idear, mål og utfordringar. Gjennom dette verktøyet får den enkelte deltakar rom og høve til å skriva seg inn i oppgåvene. Ein deltar ikkje lenger for å realisera andre sine mål og planar, men som ein aktiv og engasjert aktør med eigarskap til prosessen. Me treng eit langt meir deltakande lokaldemokrati, eit folkestyre som i større grad inviterer enkeltmenneske inn som aktive samfunnsutviklarar. Me treng rett og slett demokratifornying, skriv bokforfattaren, Dag Jørund Lønning.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293351115
Publisert
2014-10-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Jæren forlag
Høyde
205 mm
Bredde
205 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet