Boka er sett saman av 19 artiklar frå ei rekke ulike samfunnsområde. Alle handlar om korleis digitalisering påverkar måten vi samhandlar med andre menneske. Artiklane er innanfor tre hovudtema: Det første omtalar korleis digitalisering påverkar forholdet vårt til omgjevnadane. Her er digitaliseringa eit tviegga sverd. Sosiale medium kan gi auka forståing for kvarandre på tvers av samfunn og kulturar, men viskar ut skiljet mellom det offentlege og det private, og vert brukt til spreiing av usanne faktum. Digitalisering bidreg soleis til å viske ut skiljet mellom kva som er ekte og kva som er konstruert. Det andre hovudtemaet er korleis digitalisering påverkar samhandling og tenester i næringslivet. Her set boka søkelys på korleis ny teknologi vert fortolka og tatt i bruk, men også feiltolka og motarbeidd av dei etablerte aktørane innanfor bransjar og føretak. Teknologiske endringar kan utfordre etablerte maktstrukturar og praksisar, og kan soleis vere ei kjelde til ustabilitet. Bidraga syner på ulike vis at utfallet av møtet mellom det etablerte og dei nye aktørane og praksisane i stor grad vert avgjort av samhandlinga mellom det tradisjonelle og det nye. Det siste hovudtemaet er digital samhandling i skule og høgare utdanning. Artiklane viser at digitale læringsmiddel, undervisingsformer og evalueringsformer skaper moglegheiter, men òg nye utfordringar. Teknologien påverkar ikkje berre kvardagen til elevane, men også skular, høgskular og universitet som institusjonar. Samla sett syner boka at digitalisering fører til store og gjennomgripande endringar i samfunnet. Dei færraste av desse er enten negative eller positive. Utfallet er i stor grad avhengig av korleis vi samhandlar med den digitale teknologien og med kvarandre.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788215037387
Publisert
2020-08-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Heftet
Antall sider
395