Dikt i samling kom første gong i 1969. Ny og utvida utgåve kom etter at forfattaren døydde i 1970. Her finn ein òg den sjette diktsamlinga hans, Liv ved straumen (1970) - samlinga Vesaas skreiv mesteparten av siste sommaren han levde, saman med einskilde upubliserte ungdomsdikt og etterlatne dikt. «Lyrikken er den finaste form for dikting. Den opphavlege og evig rette form i grunnen. Der er alt det som strøymer gjennom eit menneskesinn konsentrert i eit par små vers. Derfor er det eit gamalt ord som seier at poesien er gudanes tungemål.» Slik opna Tarjei Vesaas ei forelesingsrekkje om lyrikk på Nansenskolen i 1939. Sjølv var han 49 år da den første diktsamlinga hans, Kjeldene, kom ut i 1946. Lyrikkdebuten innvarslar Vesaas' viktigaste diktarperiode. Med Kimen (1940) dreiar forfattarskapen frå realistiske skildringar til ein meir fortetta symbolsk modernisme. Kanskje ikkje tilfeldig at det er no Vesaas også finn seg sjølv som lyrikar? Sjølv uttalte Vesaas at det var då dei rimfrie dikta byrja å kome at han for alvor fekk lyst til å prøve seg i denne sjangeren. Og etter Kjeldene losna det. No følgde fleire sterke samlingar med dikt: Leiken og lynet (1947), Lykka for ferdesmenn (1949), Løynde eldars land (1953), Ver ny, vår draum (1956) - alle med i denne boka. Jon Fosse har skrive eit etterord.
Les mer
Boka inneheld seks av Vesaas' diktsamlingar: Kjeldene, Leiken og lynet, Lykka for ferdesmenn, Løynde eldars land, Ver ny, vår draum og Liv ved straumen. I tillegg inneheld ho nokre ungdomsdikt og nokre etterlatne dikt. Har register.
Les mer
Etterord av Jon Fosse

Produktdetaljer

ISBN
9788205367111
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
204 gr
Høyde
186 mm
Bredde
116 mm
Dybde
26 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
307

Forfatter