Etter kommune- og fylkesvalet 2019 ser vi klare teikn på at det er eit distriktsopprør på gang i Noreg. Frå media høyrer vi om alt frå motstand mot vindmøller, høgare ferjeprisar og alle former for sentralisering: det vera seg kommune- og regionreform, politireform, eller nedlegging av sjukehus og studiestader. Konklusjonen i denne boka er at det er ikkje eitt, men mange distriktsopprør som ulmar her i landet. Felles for alle er at dei tappar politisk energi ifrå motsetninga mellom sentrum og periferi, som den verdsberømte norske statsvitaren Stein Rokkan i si tid påviste var ei grunnleggande konfliktlinje i norsk politikk. Forfattarane i denne boka tek utgangspunkt i denne konfliktdimensjonen, og prøver å fange og analysere kva som ligg under desse opprøra, kva dei har ført til så langt og kva dei kan føre til av endringar i framtida. Kapitla er skrivne av noen av våre fremste samfunnsforskarar innan distrikts- og ruralforskinga. Samla gir dei eit overordna og oppdatert blikk på den norske konfliktdimensjonen sentrum-periferi.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282655446
Publisert
2020-09-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Dreyers Forlag
Vekt
511 gr
Høyde
227 mm
Bredde
164 mm
Dybde
31 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
316