I 1907 vart Mikal og Ole Hetle, far og son, frå Viksdalen i Sunnfjord dømde for å ha drepe naboen Henrik Hetle, trass i stor uvisse om den eigentlege dødsårsaka, og trass i at to statsadvokatar først hadde gått inn for å leggje bort saka. Men bygda kokte av mistankar og rykte, og to dokterar og ein professor konkluderte med at det måtte ha skjedd eit drap. Mikal og Ole laut sone i sju år. Kampen for frikjenning tok til straks dei vart dømde, men skulle verte årelang. Forfattarar, dokterar, juristar, journalistar mange andre engasjerte seg. Først under andre verdskrigen kom saka opp att, og Mikal og Ole vart frikjende. Mikal hadde då vore død i 12 år. Hetlesaka inneheld alle ingrediensane i ei kriminalhistorie, utan den viktigaste: sjølve mordet. Men Hetlesaka er forteljinga om eit anna mord - justismordet, eit av dei verste i Norgeshistoria.
Les mer
Boka tek for seg Hetlesaka, eit av dei verste justismorda i Norgeshistoria. I 1907 vart far og son Mikal og Ole Hetle frå Viksdalen i Sunnfjord dømde for å ha drepe naboen Henrik Hetle. Det til tross for at det var stor uvisse om den eigentlege dødsårsaka. Men bygda kokte av mistankar og rykte, og to dokterar og ein professor konkluderte med at det måtte ha skjedd eit drap. Mikal og Ole laut sone i sju år. Kampen for frikjenning skulle verte årelang, og først under andre verdskrigen vart Mikal og Ole frikjende. Då hadde Mikal vore død i 12 år. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788291722634
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
135

Forfatter