Fjærlandsvegen var tverrsambandet Sogn og Fjordane hadde god bruk for. Ingen prosjekt var betre eigna til å oppfylla ynsket om eit integrert fylke. På heimleg grunn var denne diagonalen tidleg forstått. På sentralt hald var behovet ikkje like innlysande. Men omsynet til Fjærland var vanskeleg å koma unna, og bygdas vegløyse blei springbrettet til fylkets beste tverrsamband.

Tvers gjennom fylket er boka om den lange vegkampen. Det er soga om ei bygds kamp for framtida, men også forteljinga om eit vegval som drog bygdene og fjordane i hop og vart til stor gagn for landsdelen.

Terje Eggum (1952) er journalist og forfattar, og cand.mag. i offentleg administrasjon, historie og litteratur. Han har bakgrunn frå fleire aviser og NRK, og har tidlegare skrive bøker om kyrkjehistorie, pressehistorie og sjølaksefisket i Sognefjorden. I seinare tid har han, som journalist og no som forfattar, gjort samferdselshistorie til sitt spesialfeltet.

Les mer
Utgivelsesår ikke oppgitt i publikasjonen

Produktdetaljer

ISBN
9788251304122
Publisert
2025-06-22
Utgiver
Vendor
Fonna Forlag
Vekt
799 gr
Høyde
260 mm
Bredde
212 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
159
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter