I 2011 er det 150 år sidan forfattaren Rasmus Løland blei fødd. Løland var ein pioner i barnelitteraturen. Han skreiv direkte og levande til ungane, historier som skil seg frå eventyr og bibelhistorier. Denne boka handlar om å bli lesen for, ho handlar om kvifor Løland var ein pioner og ho handlar om arven etter han i den nynorske barnelitteraturen. Her fortel mellom andre Herborg Kråkevik om kva ho les for dottera si, her fortel Ingelin Røssland om korleis det er å vera forfattar og besøka skuleklassar, og her fortel Arnt Birkedal om kva posisjon Løland har og har hatt i litteraturen. Denne boka er for deg som har blitt lesen for og for deg som likar å lesa for barn.
Les mer
Boka er utgitt i forbindelse med at det er 150 år sidan barnebokforfattaren Rasmus Løland blei fødd. Den inneheld tekster om Løland og litteratur. Med bidrag frå Ingelin Røssland, Aina Basso, Arnt Birkedal, Herborg Kråkevik, Edmund og Jarl Austigard, Rasmus Løland, Eivor Vindenes, Åshild Vetrhus, Anita Svendheim og Petra J. Helgesen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400350
Publisert
2011-04-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
115

Redaktør
Illustratør