Katalansk identitet i historisk lys Nymark gir eit kunnskaps- og perspektivrikt innsyn i det særeigne språklege, kulturelle, økonomiske og industrielle utviklinga som ligg bak den katalanske sjølvstendekampen. Ny ideologi, nye impulsar i kunst, arkitektur og litteratur har i regelen kome til Spania via Catalonia og spesielt hamnebyen Barcelona, og i fleire hundreår har det eksistert ein påfallande skilnad mellom det konservativt sentralistiske Madrid og det kulturelt og samfunnspolitisk langt meir liberale nordaustre hjørnet av den iberiske halvøya. Johannes Nymark syner korleis denne motsetninga opp gjennom hundreåra har prega kultur og framom alt språk, men også handel, industri og anna næringsliv, og i eit eige kapittel skildrar han kor sentral ei rolle fotballklubben FC Barcelona har spelt som aktør og symbol i denne sjølvstenderørsla.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252187632
Publisert
2015-08-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
300 gr
Høyde
205 mm
Bredde
130 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
249

Forfatter