Spørsmål om religion, livssyn og etikk vedkjem alle menneske, du og eg - barn som vaksne. I Du og eg 6 møter elevane lærestoffet gjennom forteljingar om barn på deira eigen alder med ulik livssynsbakgrunn. På denne måten blir faget konkret og knytt til elevane sitt erfaringsområde. Forteljingane er gode utgangspunkt for å snakke om religionar og livssyn, rett og gale, for å stille spørsmål til livet og leite etter svar. Dei formidlar lærestoffet på ein måte som gir kunnskap, og som stimulerer til refleksjon og samtale. Dette er viktige føresetnader for å utvikle toleranse og respekt. Du og eg-serien presenterer alle dei obligatoriske religionane og livssyna i RLE på kvart årstrinn. Arbeidsbøkene legg stor vekt på å motivere og aktivisere elevane gjennom forteljingar, illustrasjonar og varierte oppgåver der dei grunnleggjande ferdigheitene er integrerte. Du og eg 1-7 består av følgjande komponentar: arbeidsbøker til 1. og 2. årstrinnet tekstbøker til 3.-7. årstrinnet lærarrettleiingar til alle årstrinna CD-ar nettressursar for elevar og lærarar på www.duogeg.no
Les mer
Læreboka tar for seg religionenes lære, tidsregning og kalender. Har oppgaver.
Undertittel hentet fra omslaget

Produktdetaljer

ISBN
9788276349221
Publisert
2011
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Høyskoleforl.
Vekt
680 gr
Høyde
268 mm
Bredde
196 mm
Tykkelse
17 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175