Frode Grytten ( f. 1960 ) fekk velfortent kritikar- suksess, Bragepris og eit rekordstort publikum med romanen Bikubesesong ( 1999 ), men forfattaren er ikkje mindre suveren som novellist. Grytten har her valt ut 14 noveller frå dei tidlegare bøkene sine. Og alle som hadde sans for Bikubesesong, vil glede seg over stil, skildring og skrivegrep i desse historiene. Både pønk, rock, klassisk og folkemusikk finst som lydspor i Gryttens noveller. Tonane ligg der mens hovudpersonane gjenopplever bitre eller romantiske hendingar frå barneår og ungdomstid. Som eit alternativ til manglande kommunikasjon, finst ein sår og varm humor, ein mørk latter som hjelper ein til å leve, til å halde ut. Og kanskje kan alle dei store spørsmåla summerast opp i det klassiske Clash . refrenget : Should I stay or should I go ?
Les mer
Boka inneheld 14 noveller frå novellesamlingane Heim att til 1990-åra, Meir enn regn, 80 grader aust for Birdland og Langdistansesvømmar. Både pønk, rock, klassisk og folkemusikk finst som lydspor i Gryttens noveller. Tonane ligg der mens hovudpersonane gjenopplever bitre eller romantiske hendingar frå barneår og ungdomstid.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252157246
Publisert
2000
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
93 gr
Høyde
185 mm
Bredde
115 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
127

Forfatter