Hiromi Ito. (1955-) er fødd og oppvaksen i Tokyo. Sidan 1997 har ho vore fast busett i Encinitas, California og på Kumamoto, lengst sør i Japan. Ho debuterte i 1982, og har sidan det vore ei av dei viktigaste samtidspoetane i Japan. Diktproduksjonen hennar er nærare presentert i boka Ete pule drite føde drepe blø (dikt i utval, omsett av Ika Kaminka, H//O//F, 2016). Eg er Anjuhimeko er titteldikt i Ito si diktsamling som vart utgjeven i Japan i 1993. No, 24 år seinare, har vi i samråd med forfattaren valt å gi diktet ut som ei eiga bok, da det stikk seg ut i både stil og omfang. «Det at skriftas magi ligg i at den levandegjer og pustar liv i dei døde teikna og får ei framand røyst til å lyde i lesaren, er kanskje eit innlysande poeng, men det peikar likevel på det overskridande og forvandlande som litteraturen på sitt beste representerer.» - Sindre Ekrheim, Humbaba
Les mer
Omslagstittel

Produktdetaljer

ISBN
9788293317562
Publisert
2017-08-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
H//O//F
Høyde
180 mm
Bredde
115 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
105

Forfatter
Oversetter