For av og til må ein vera skikkeleg uskikkeleg Har du nokon gong sett ein hest og tenkt at hadde det vore tak i meg, så hadde eg sett meg på den og ridd mot solnedgangen? Har du nokon gong sett på eit fjell og tenkt at hadde det vore litt tak i meg, så hadde eg klatra opp? Har du nokon gong sett ein båt og tenkt at hadde det vore tak i meg, så skulle eg sett meg i den og segla ut på havet? Men så blir det ikkje noko av. Eg og Pontus er ikkje slik som du. Me tenker oss aldri om to gonger. Me gjer alt det du fant ut at du ikkje tør, ikkje kan, ikkje får lov til eller ikkje gidd likevel. Eg og Pontus gjev jernet. Me vekker til liv ein mørklagd by, lagar fest og musikk, gjev kongen fyken og fiksar ein revolusjon. Alt på ein dag. Eg og Pontus går for gull er ei bok om å ikkje gro fast i stolputa, om å kome seg ut og lage minst eit eventyr kvar dag. Om at ein av og til må vera.skikkeleg uskikkeleg. Odd Nordstoga debuterer med eiga bildebok, og dette skjer sjølvsagt i stilsikker verseform. I eit oppdatert eventyrunivers snur Eg og Pontus opp ned på byen, og i full fart går det frå einevelde til demokrati. Treffande illustrert av prisvinnande og kritikarroste Rune Markhus.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205436343
Publisert
2013-09-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Serie
Vekt
344 gr
Høyde
168 mm
Bredde
294 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
3-6
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet

Forfatter
Illustratør