Vakker biletbok for førskule-og småskuleungar med enkle, barnenære dikt av "diktarapparatet Vesaas" (som ein barnemunn ein gong las då det stod "diktarparet Vesaas"). Dei fleste av dikta vart opphavleg skrivne på bestilling til bruk i lesebøker, medan ein del av Tarjei Vesaas' dikt er tekne frå hans vanlege diktsamlingar for vaksne - i den gode tru at dei kan lesast med utbyte både for og av barn. Biletkunstnaren Inger Lise Belsvik har som spesiale å illustrere dikt - ho meistrar den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ei vakker familiebok, som ønskjer små og store velkomne inn i diktet. Boka var med på å markere 100-årsjubileet for Halldis Moren Vesaas i 2007.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2014-06-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Illustratør
Instrumental soloist