«Eg ringer ei venninne. Kalla mannen i baren meg svarting då eg ikkje ville gi han nummeret mitt? Den gongen vi hadde avtalt å drikke øl, men så drakk vi tequila i staden? Ho blir still. Nei, han kalla deg nigger. Takk, seier eg. Tusen takk for at du hugsar.» Eg snakkar om det heile tida er eit vitnemål, ein appell og ei sjølvransaking. Camara Lundestad Joof er fødd i Noreg, med norsk mor og gambisk far. Boka skildrar korleis rasismen ho stadig opplever, infiserer kvardagen og styrer tankane hennar. Ho ransakar minna sine. Kva om ho hugsar feil, korleis skal nokon tru henne då? Kor mange detaljar må ein hugse for å verke truverdig? Trur ho på seg sjølv? Og kan ho nokon gong fri seg sjølv frå spørsmålet om hudfarge?
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2018-08-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok