Den særs allsidige teiknaren gledde mange med sine "Amputerte klassikere" i avisa Dagbladet for nokre år sidan. Tarjei Vesaas' novelle "Ein motig maur" var vel ein av dei kortaste klassikarane han amputerte, men den vart ein av hans lengste og beste! Det er ei glede å presentere i bokform denne overmotige, illsinte mauren i Kvernelands strek og med hans respektfulle nedkorting av teksten, tilpassa teikneserieformatet. Boka vil overraske og glede både barn, unge og vaksne, og kan for mange bli eit første appetittvekkjande møte både med forfattaren og teiknaren.
Les mer
Den illsinte mauren går ut i verda. Med front mot alt som måtte vera framfor. For det er fienden hans, alt saman. Etter Tarjei Vesaas' novelle med same navn, henta frå samlinga "Vindane", 1952.

Produktdetaljer

ISBN
9788252168655
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
63

Forfatter
Illustratør