Magi i juletreskogen Mammaen til Nora ligg på sjukehuset. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora vil så gjerne at mamma skal bli som før. Men kva om mamma blir heilt annleis med eit nytt hjarte? Tenk om ho ikkje vil kjenne Nora att? Det synest ho er skummelt å tenke på. Då er det godt å ha ei farmor som veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet, og over himmelen fer det eit stjerneskot. Kanskje Nora sitt ønske om at mamma skal bli frisk går i oppfylling òg? Eit hjarte til jul er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om aldri å gi opp håpet. Line Dybedal (1988) er låtskrivar og musikar frå Nordfjord. Ho har komponert musikken til NRK Super-serien "Bli med heim" og gitt ut to soloalbum. Eit hjarte til jul er debutboka hennar. Line Renslebråten (1980) er forfattar og illustratør busett i Asker. Ho har mellom anna skrive og illustrert Under polarisen og Virkelighetens monstre, samt illustrert den brageprisnominerte Blåhvalen.
Les mer
Dybedal skriv seg tett på Nora sitt kjensleliv. Nora er ein truverdig karakter . å tenkje at kjærleiken ligg i hjartet er konkret og logisk for eit barn ... Eit hjarte til jul er ei bok for den som treng trøyst i tvila, som balar med vonde tankar og som hamnar i situasjonar lik den Nora er i
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234005053
Publisert
2021-10-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
407 gr
Høyde
218 mm
Bredde
272 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
3-6, 6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
40

Forfatter
Illustratør