Den industrielle revolusjonen var ei grunnleggande endring av mange
aspekt ved økonomisk og sosialt liv, og var ei av dei viktigaste
hendingane i verdshistoria. Storbritannia var sjølve lokomotivet for
desse endringane, og andre vestlege land følgde etter. Ei drøfting
av kvifor Storbritannia var utgangspunktet, står derfor sentralt i
boka. Kva som hende, kor, korleis og når det hende, blir tatt opp og
også konsekvensane for land, samfunn og menneske. Storbritannia blir
samanlikna med andre område og kulturar på det eurasiske
kontinentet. Den seinare industrialiseringa av andre statar blir også
jamført med land som ikkje gjennomførte denne sosioøkonomiske
omkalfatringa før første verdskrigen.
Read more
Product details
ISBN
9788245055580
Published
2024
Edition
1. edition
Publisher
Vigmostad & Bjørke AS
Language
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Author