Om boka «Sauda sjukehus 1917 – 1999»
Dette er historia om eit sjukehus som vart utvikla og drive i nært sampel med lokalsamfunnet gjennom eit tidsrom på over 80 år. Me får høyra om korleis ivrige fagfolk nytta oppdatert kunnskap og ny teknologi for å møta dei medisinske utfordringane i ei lita bygd som utvikla seg til eit viktig industrisamfunn. Tangeraas har nytta eit mangfald av kjelder for både å trekkja dei store linene og å omtala viktige einskildhendingar. Forteljingane om sjukehuset i Sauda handlar ikkje berre om det som skjedde lokalt. Både oppbygginga og nedbygginga av sjukehuset speglar godt fagutviklinga og politikkutforminga i den norske helsetenesta gjennom 1900-talet. Boka er såleis ikkje berre eit minneskrift for lokalsamfunnet. Ho bør også få mange lesarar langt utanfor Ryfylke og Rogaland.

- Professor Geir Sverre Braut, Privat

Ein fantastisk historie om livet på eit lite sjukehus i vestlandsbygda Sauda gjennom heile 1900-talet. Du blir kjent med pasientar og tilsette gjennom epidemiar, ulukker, krig, brann, streik og ein av landets største industriskandalar. Boka rommar også vennskap, kjærleik, solidaritet eller glede over eit nyfødt barn eller ein som overlevde trass alle odds. Ikkje minst kan du lesa om den lange, knallharde kampen for å verna lokalsjukehuset mot nedlegging.
Read more

Product details

ISBN
9788230366264
Published
2024-11-10
Edition
1. edition
Publisher
Tangeraas Forlag
Weight
1200 gr
Height
28 mm
Width
23 mm
Thickness
220 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
231
Genre
Faglitteratur