Kring år 700 blei dette hogd inn i ein stein på garden Eggja i Sogndal (Sogn og Fjordane) i runeskrift: .ni s solu sot uk ni sakse stain skorin". 1300 år seinare kan denne utsegna mest naturleg lyde slik: .Steinen er ikkje oppsøkt av sol, og ikkje er det skore i han med sverd". Ei språkhistorie skal forklare kva som har skjedd mellom desse to versjonane av norsk språk. Det gjer Norsk språkhistorie (NSH), og ho fortel om korleis språket er blitt brukt, og korleis folk har vore opptatt av språket til ulike tider. Andre språk i Noreg blir òg omtalt. Norsk språkhistorie i fire bind er ei samla vitskapleg framstilling av språket frå urnordisk til nyare moderne norsk. Det har vi ikkje hatt før. Verket er skrive i eit samarbeid mellom fagfolk ved universitet og høgskolar. Dette bindet, Mønster, begynner med å drøfte språkendring som fenomen og korfor språk endrar seg. Deretter blir endringar gjennomgått - frå dei minste lydeiningane til dei store tekstane. Her blir det lagt vekt på å beskrive og forklare ut frå innsikter vi har i allmenn teori, slik at dei norske fenomena kan illustrere generelle eigenskapar ved språk. Den historiske linja blir trekt i kvart kapittel. Heile verket vil omfatte: Norsk språkhistorie I: Mønster. Norsk språkhistorie II: Praksis. Norsk språkhistorie III: Ideologi. Norsk språkhistorie IV: Tidslinjer
Read more

Product details

ISBN
9788270998470
Published
2016-04-13
Edition
1. edition
Publisher
Vendor
Novus
Weight
1614 gr
Height
245 mm
Width
180 mm
Thickness
50 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
681