Jernbane er meir enn parallelle jernskinner på kryss og tvers over vårt land og dei fleste land. Jernbane er ingeniørar og rallarar og kokker og bygging av banar i utilgjengelege landskap. Jernbane er gammal og moderne teknikk, frå damplokomotiv til flytoga. Jernbane er reiser, arbeidsreiser og Amerika-reiser i gamle dagar, besøket og turistreisa og interrailturen og syklinga med dresin på nedlagde spor i vår tid. Det er tunge avskilsstunder og gledelege møte, nye venner og nye opplevingar. Full rulle på norske spor av Bjørn Karsrud og Aud Søyland handlar om jernbanens historie, drift, teknikk, arkitektur, funksjon og framtid. Boka er skriven til 150-årsjubileet for norsk jernbane i 2004. Boka er mest for ungdom mellom ni og femten, men også for andre nysgjerrige.
Read more
Boka fortel om jernbanen i Norge, frå det første toget gikk frå Eidsvoll i 1854 og fram til i dag. Ho skildrar dei banane som fortsatt har vanleg trafikk eller turisttrafikk, m.a. Rørosbanen, Østfoldbanen, Raumabanen, Bergensbanen, Flåmsbana, Nordlandsbanen og Numedalsbanen. Har litteraturliste.
Read more

Product details

ISBN
9788291871172
Published
2004
Edition
1. edition
Publisher
Vendor
Boksmia forl.
Age
9-12
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
96

Illustrated by