Silas Marner er den tredje romanen til George Eliot, og sjølv om den er mindre kjent enn storverket Middlemarch, har den blitt kalla eit meisterverk.Boka er ein god inngang til forfattarskapen til denne høgt elska forfattaren frå den engelske landsbygda. Med sine realistiske, emosjonelt djuptborande og fargerike romanar peikte Eliot seg ut i samtida si. I ei tid der mange romanar handla om adelsfolk og dramatiske eventyr, valde ho å skrive om menneske som sjeldan fekk stå i sentrum i skjønnlitteraturen – om arbeidarar, handverkarar, einslege kvinner og fattigfolk.I romanen, som er lagt til starten av den industrielle revolusjonen, møter vi vevaren Silas Marner som blir urettmessig skulda for tjuveri. Han bryt opp livet sitt og flyttar til landsbyen Raveloe, der han lever isolert, arbeider hardt og samlar opp myntane han tener. Når det oppsparte gullet hans blir stole, mister han meininga med livet på nytt. Men då eit forlate barn dukkar opp i livet hans, forandrar det alt, både for han og fleire andre i landsbyen.
Read more
Utgivelsesår ikke oppgitt i publikasjonen
Product details
ISBN
9788279594031
Published
2025-11-06
Publisher
Skald AS
Weight
320 gr
Height
185 mm
Width
125 mm
Thickness
25 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Fleksibind
Number of pages
278
Original title
Silas Marner
Genre
Skjønnlitteratur
Purchasing programme
K-fond: Yes
Author
Translated by