«Slåttekar i himmelen» er ein inspirert roman frå forfattaren av «Mors og fars historie». Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vere villig til å satse og om å gjere store offer.
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre Nesje. Forteljinga i romanen begynner utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar i Reknes-lia og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får han med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.
Dei fleste lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden. Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra . stadig fleire selg det vesle dei eig og legg ut på den farefulle og eventyrlege reisa til Amerika. Syster til Serianna, Gjertine, drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Brev begynner å komme frå utvandrarane, brev som fortel om ein frodig prærie med blomster i alle fargar, villgjess og pelikanar, men også om eit ugjestmildt landskap med iskalde vintrar, der snøstormane sperrar menneska inne for dagar og veker.
Read more
Product details
ISBN
9788242159526
Published
2014-12-01
Edition
1. edition
Publisher
Fabel Lyd AS
Serie
Weight
214 gr
Height
139 mm
Width
144 mm
Thickness
24 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
LydCD
Original title
Slåttekar i himmelen
Genre
Skjønnlitteratur
Author
Read by