Vente, blinke er ein roman med fleire historier. Vi møter den unge og noko forknytte litteraturstudenten Sigrid og hennar skjelsettande møte med forfattaren Kåre, filmregissøren Linnea som skal på locationjakt i København, performancekunstnaren Trine som slit med mjølkespreng, og ikkje minst Viggo, nok ein litteraturstudent, som lengtar inderleg etter å høyre saman med nokon eller noko. Fiskehandlardattera Elida, filmprodusenten Robert og litteraturprofessoren Göran spelar også sine roller i denne bunten av skjelvande og tidvis desperate karakterar.Gunnhild Øyehaugs roman er både brei og kompleks. Ho er ein leikande og sprelsk forfattar, og Vente, blinke er både humoristisk og djuptloddande. Dette er ein roman om drift og draumar, kvinner og menn, om kjærleik og om kva det vil seie å våge å vere seg sjølv.
Read more
Product details
ISBN
9788205385726
Published
2008-10-01
Edition
1. edition
Publisher
Gyldendal Norsk Forlag AS
Weight
414 gr
Height
212 mm
Width
135 mm
Thickness
29 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
270
Original title
Vente, blinke
Genre
Skjønnlitteratur
Author