Frode Grytten viser at det er mulig å skrive ultrakort om dei store tinga i livet. På 140 teikn fortel han om korleis vi lever, elskar og går under. Vente på fuglen er eit utval av dei beste mikronovellene frå Gryttens populære Twitter-prosjekt. «Burettslagsblues i juni. Dugnad i femte. Oppussing i fjerde. Krangling i tredje. Stille i andre. Puling i første. Skitentøyvask i kjellaren.» «Mange år seinare går det opp for ho kva ho skulle ha svart den junikvelden då ho var 17, han var ny og spurte om dei skulle vere kjærastar.» «Å vakne med tre jenter i senga. Å vakne med kone, dotter (3) og endå ei dotter (1). Å vakne med dei som ein elskar. Aprilmorgon. Aprillykke.»
Read more

Product details

ISBN
9788248920991
Published
2017-07-25
Edition
1. edition
Publisher
Kagge Forlag AS
Weight
240 gr
Height
200 mm
Width
132 mm
Thickness
18 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
207
Original title
Vente på fuglen
Genre
Skjønnlitteratur