I årets Tuss og Troll er det både nye og gamle eventyr. Solveig Murens fine teikning til eventyret «Kvitebjørnen» er framside og første eventyr ut. Teksten er av Johannes Farestveit. Håkon Aasnes har teikna til det nye og hyggelege eventyret av Gard Espeland om postmannen og den uventa julegåva. Det gir oss skikkeleg god julestemning. Meir moro blir det i det nye eventyret av Øyvind Sveen og Ivan Emberland, «Kongeriket og dei harde hjelparane». Her får kultur-Noreg heftig hjelp frå kjende figurar frå Theodor Kittelsens folkekjære maleri. Så byr vi på hyggeleg gjensyn med «Ulv Gråbeinson Bikkjestad» og «Fire ynske» med tekst av Johannes Farestveit og teikningar frå Solveig Muren Sanden. Utsalspris kr 95,-
Read more
Tittel fra omslaget

Product details

ISBN
9788270951550
Published
2025-10-22
Publisher
Norsk Barneblad
Weight
98 gr
Height
297 mm
Width
210 mm
Thickness
5 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
30
Genre
Skjønnlitteratur