Betongarbeid er skriven for elevar i vidaregåande skule, lærlingar og praksiskandidatar. Ho er oppdatert etter ny læreplan for vg3 betongfaget/opplæring i bedrift frå 2022.
Her får du ei inngåande beskriving av både det praktiske og det teoretiske som krevst av ein betongfagarbeidar. Med denne læreboka blir du sikra ein god samanheng mellom opplæring i skule og bedrift. Dette er den første komplette læreboka om betongfaget etter at dei fire tidlegare lærefaga blei slått saman: betong- og grunnarbeid, forskaling, armering og betongindustri.
Målgruppa er elevar innanfor yrkesfagleg fordjuping på vg1 bygg- og anleggsteknikk, elevar på vg2 betong og mur innanfor programfaga og yrkesfagleg fordjuping og lærlingar i betongfaget. I tillegg er boka eit oppslagsverk for erfarne betongfagarbeidarar og aktuell støttelitteratur for ingeniørstudentar. Boka har to delar:
Material- og produktlære
Utføring på byggeplass
Læreverket består av ei lærebok og ein nettressurs. Til saman utgjer desse eit samla læremiddel som sikrar at opplæringa kan varierast både i klasserom, verkstader, lærebedrifter og ved sjølvstudium.
Read more
Product details
ISBN
9788211045225
Published
2024-02-15
Edition
2. edition
Publisher
Vigmostad & Bjørke AS
Weight
1951 gr
Height
295 mm
Width
210 mm
Thickness
35 mm
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
580
Original title
Betongarbeid
Genre
Skolebøker
Author
Illustrated by