Handbok i lokalhistorie gir rettleiing i korleis komme seg i gang med lokalhistorisk forsking og studium. Den viser korleis gjennomføre ei undersøking, med orientering i litteratur, publiserte kjelder og ulike kategoriar primærkjelder i arkiv, samlingar og museum. Det blir også gitt innføring i ulike metodar for å skape kjeldemateriale sjølv.

Hovuddelen av boka er inndelt i tematiske kapittel som tar for seg ulike nivå eller storleikar for lokalhistoriske undersøkingar, frå enkeltindividet og familien, hus og inventar, til grend, bygd, by og region, og til sist grensekryssande eller samanfletta lokalhistorie. Breie forskingsspørsmål relatert til tematikkar som har vore sentrale i lokalhistorisk forsking, blir presentert. For kvart forskingsspørsmål er det skissert aktuelle kjelder og metodar for å finne svar. Dette er tenkt som ein idébank for studentar og forskarar som skal i gang med lokale undersøkingar.

Denne handboka er skrive med tanke på studentar og forskarar, men vil også vere til hjelp for dei som definerer seg som lokalhistorikarar eller hobbyforskarar.

Read more

Product details

ISBN
9788202767143
Published
2025-02-06
Edition
1. edition
Publisher
Cappelen Damm AS
Weight
322 gr
Height
208 mm
Width
145 mm
Thickness
12 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
223
Genre
Faglitteratur