Det å vere fattig i velstandssamfunnet Noreg blir opplevd som ei stadig større belastning. I boka Fattigdommens psykologi, basert på ein ny studie av langtidsmottakarar av sosialhjelp, kjem det fram at fattigdom er kopla til kjensler som skam, utryggleik, ufridom og sosial devaluering. Boka er ei tverrfagleg tilnærming til fattigdom - i tilegg til den psykologiske analysen går boka gjennom fattigdommen i eit historisk lys.
Les mer
Forfattaren gir eit nærbilete av norsk fattigdom, basert på ein intervjustudie av langtidsmottakarar av sosialhjelp. Ut i frå desse intervjua skildrar forfattaren korleis enkeltmennesket opplever eigen fattigdomssituasjon i eige kvardagsliv. Store psykologiske omkostningar følgjer fattigdommen - omgrep som skam, sosial devaluering og utryggleik er sentrale. Forfattaren tolkar observasjonane frå studien i forhold til emosjons- og behovsteori, sosialpsykologiske perspektiv, fattigdomsteori og sosiokulturell og historisk kontekst. For helse- og sosialarbeidarar og andre som jobbar med fattigdomsproblematikk. Boka egner seg og som pensumlitteratur innanfor helse- og sosialfaglege utdanningar. Med litteraturliste, skjønnlitteratur-, namne- og saksregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252163636
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
510 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
264

Forfatter