Først handlar det om å overleve, så handlar det om å leve med det du har overlevd. Fem ungdomar har flykta frå Somalia, gjennom Afrika og over Middelhavet. No er dei komne til Europa. Dei er på veg nordover, på jakt etter ein stad dei kan starte eit nytt liv. Aisha slit med traume, ho prøver å finne ei ny historie om seg sjølv, men blir stadig minna på kven ho var før ho drog. Said kjenner ikkje lenger seg sjølv igjen, medan Khadar ikkje seier noko i det heile. Isir vel å fortelje dei historiene den nye verda vil høyre, men kva om den verkelege historia finnes i skuggane? Kven er du eigentleg når ingen veit kven du er? «Fem skuggar» er ei frittståande fortsetjing av romanen «Fem stjerner».
Les mer
7 CD-er

Produktdetaljer

ISBN
9788242174611
Publisert
2018-10-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Lydbokforlaget
Serie
Vekt
194 gr
Høyde
139 mm
Bredde
141 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
LydCD

Forfatter
Lest av