Nå kommer Helge Torvunds illustrerte aforismer i samling; filosoFISK - Vol.1. Boken tar utgangspunkt i nettestedet med samme navn http://filosofisk.no Dersom Skøyarstreken har sin plass, og Genistreken har ein annan plass, så finst det nok ein plass midt mellom desse, der min strek bur. På denne staden er det ei bukt. Og der har eg stranda. Dersom ein sit litt der, på ein stein, på ein kasse eller på eit flygande teppe, så kan ein høyra lyden av ei strand som klappar. Det er den lyden eg håper du òg skal høyre, nå når eg har sett strek og du har kjøpt denne boka. Men ikkje bli lei deg dersom du ikkje høyrer noko som helst. Du har sikkert bare gløymt å skru opp lyden. Eller så er det ikkje ei lydbok du har kjøpt. Lyd er oppskrytt. Då kan du bruka denne stranda til litt stille lengde. Så stille som det er på denne stranda, er så langt som du kan koma. Ser du eit stykke rekved, så løft på den. For under den kan du finna det underfundige. Ser du eit gåtefullt spørsmålsteikn, så legg det til sides. Det kan svara seg. Ser du ein gammal mynt, så ta han opp. Det kan fort betala seg. Og når du har betalt for denne boka, skal eg setja to strekar under svaret. Helge Torvund (f. 1951) er lyrikar, barnebokforfattar og psykolog.m Han debuterte i 1977 og fekk Nynorsk Litteraturpris i 1989. Dei siste diktsamlingane har kome i fleire opplag og fått mykje positiv omtale, og for «Alt Brenner» fekk Torvund Wildenveys Poesipris i 2016. Han har fungert som hovudmeldar av lyrikk for Dagbladet. Han er òg kjent som Diktlærar ved den nettbaserte skriveverkstaden Diktkammeret. Helge Torvund bur på Ogna i Rogaland.
Les mer
På omslaget: Vol 1. ; Dagen derpå kjem aldri ein dag for tidleg

Produktdetaljer

ISBN
9788281402348
Publisert
2017-10-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Wigestrand
Vekt
216 gr
Høyde
240 mm
Bredde
169 mm
Dybde
7 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
64

Forfatter
Illustratør