I november 1907 må det ha kokt i fjorden då nær 400 springarar vart jaga inn i Bildøysundet «ved udkastning af sten og sand, pladsken i vandet med aarene, huien og skrigen». Slaget vart skildra i Norsk Fiskeritidende same året. Springarane vart avstengde porsjonsvis, harpunerte og trekte på land etter kvart som salet skreid fram. Kvalfangsten har gjennom hundreåra vore viktig for folket på fleire av gardane på Sotra. Dette kan vi lesa meir om i kapittelet om Bildøyna i denne boka. Band IV av Fjell bygdebok handlar om tolv gardar i den austlege delen av Fjell kommune og folket som har budd der: Knappskog, Geitanger, Morland (medrekna Morlandsstøa), Kolltveit, Bildøyna, Straume, Foldnes, Anglavika, Vågo, Rennedalen, Knarrvika og Arefjord (medrekna Valen). Gards- og slektshistoria lèt oss møta strilar i Fjell i tekst og bilete, som synlege einskildpersonar i ein historisk samanheng og over lang tid. Vi les om menneske i kamp for utkomet - med stuttorven på utkikk etter dei minste grasstrå mellom bergnabbane, i færingen på leit etter fisk og sild, på torget i Bergen med varer til sals og i arbeid ved maskinane i fabrikksalane. Vi møter også folk i finstas og festhumør. I dei omfattande slektssogene for kvar av dei tolv gardane vil mang ein lesar finna slektningar i fleire generasjonar tilbake.
Les mer
Boka tek for seg 12 av dei 60 matrikkelgardane i dagens Fjell kommune. Her får du historia om bruk og folk på gardane frå og med gnr. 30, Knappskog og vidare nordover til og med gnr. 41, Arefjord. I tekst og bilete let gards- og slektshistoria oss møte strilar i Fjell som synlege einskildpersonar i ein heil historisk samanheng, og over lang tid. Vi får lese om menneske i kamp for utkomet, og vi møter menneske i finstas og festhumør. Med personregister, litteraturliste og ordliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251407380
Publisert
2008-12-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fjell Kommune
Vekt
2020 gr
Høyde
248 mm
Bredde
180 mm
Dybde
44 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
639