"Fjorden" er ein roman om dei store spørsmåla; om det alt for korte livet, om døden, om alle tings forgjengelegdom. Den handlar om å forma eit liv i skyggen av ein far - den levande faren, så vel som den døde. Like mye er dette ein roman om dei små fortellingane; om ein far og ein son, om forholdet mellom dei, om livet i ein arbeidarfamilie. Mest av alt er det ein roman om ei reise. Ei vakker utreise langs Hardangerfjorden med raude og blå bussar under stupbratte fjell. Og ei dramatisk heimferd om bord i ein liten brun trebåt ein gråvåt bølgjesterk sommardag. "Seljestad skildrer far-sønn forholdet med både trøkk og nerve. Men det er først når han kombinerer barndomsskildringen med en nærmest essayistisk refleksjon rundt hvilke muligheter vi har for å frigjøre oss fra opphavet vårt og finne vår plass i verden i voksen alder at Seljestad viser fram det som er unikt for ham som forfatter." Knut Hoem, NRK kulturnytt "Med «Fjorden» sikrar Lars Ove Seljestad plassen sin på lista over landets dyktigaste, mest originale og stilsikre forfattarar. Han gjer ei gammal historie ny og har dikta fram ein eg-forteljar lesaren seint gløymer." Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen " ... det er vakkert, veldig vakkert. Og sårt. (...) Seljestad har et språk som brenner. Og det brenner stille." Olav Egil Aune, Vårt Land "Det er vakkert og vondt." Jan Askelund, Stavanger Aftenblad "Det er ein sterk historie som bør få mange til å tenkje over korleis me oppfører oss mot kvarandre. (...) ei perle av ei bok." eMBe, Hardanger Folkeblad "Språket er av framifrå kvalitet. Her møter det meg ein glitrande nynorsk med naturlege innslag av Odda-mål. Ein roman av dei absolutt betre!" Audun Mosevoll, Dagen
Les mer
Ein far og hans åtte år gamle son er på tur langs Hardangerfjorden. Heimreisa gjer dei om bord i ein liten trebåt med påhengsmotor. Etter denne reisa er noko forandra mellom dei.
Sidetall hentet fra første trykte utgave

Produktdetaljer

Publisert
2011-10-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok