I denne boka får du vita korleis mange kvinnheringar har det når dei blir så pass gamle og skrøpelege at dei ikkje kan greia seg sjølve og bu heime lengre. Då går gjerne turen til ein av alders- eller sjukeheimane i kommunen. Boka Frå heim til heim gjev oss eit godt innblikk i korleis kvardagen er på desse heimane. Mange av oss har familie, vener eller kjensfolk buande her delar av livet sitt. I boka får vi helsa på mange av dei som bur her, forutan dei som arbeider på heimane eller som gjennom friviljug arbeid gjer kvardagen til dei gamle litt betre. Frå heim til heim er ein oppfølgjar av Godt vaksen, som kom ut hausten 2015. Sjølv om nokre av historiane er bygd over same leist, får vi no eit langt betre innblikk i eldreomsorga i Kvinnherad. Det trur vi både unge og gamle har godt av å lesa om. Det handlar om å bry seg om folk rundt oss. Dessutan vil debatten om korleis det offentlege skal bidra til at seniorane har det godt, fortsetja i åra frametter. Vi håpar og trur at denne boka gir eit nyttig og spennande innblikk i korleis dei gamle sjølve opplever livet på alders- og sjukeheimane. Boka er skriven av Kristian Hus, som har lang erfaring frå mediebransjen og som også har hatt ei rekke verv innan organisasjons- og næringslivet i Kvinnherad. Bileta er stort sett tekne av Kristen Børje Hus, som også har gjort den grafiske formgjevinga av boka. Gjennom arbeidet har far og son Hus fått nye, sterke og gode møte med ulike skjebne og livserfaringar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788269012811
Publisert
2018-08-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Multipleks design
Vekt
767 gr
Høyde
247 mm
Bredde
177 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
235

Forfatter