«Jesuiter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.» (1814). «Jødeparagrafen» har gått inn i historia som ein pinleg skamplett på Grunnlova. Forbodet mot jødar stod ved lag fram til 1851. Sjølv om paragrafen er godt kjend og berykta, er kjennskapen til paragrafen si verknadshistorie liten. Korleis vart utestenginga av jødar handheva i praksis? Basert på tidlegare ubrukt kjeldemateriale viser boka at «jødeparagrafen» raskt vart tatt i bruk, og at ei rekke personar vart utsette for bortdriving, utvising, store økonomiske krav eller fengsling. Før Grunnlova var eitt år gamal, var minst ni personar utviste eller fordrivne på grunn av forbodet. Boka viser også at handhevinga av paragrafen utvikla seg frå ei prinsipiell og konsekvent utestenging til ei meir pragmatisk handheving. Det galdt særleg når det var i statsmakta sine eigne interesser. Boka diskuterer den norske politikken overfor jødar i ein brei europeisk kontekst. Sjølv om den norske lov givinga etter 1814 alt i si samtid vart oppfatta som særleg brutal, var den ikkje unik. Antijødiske haldningar og krav om antijødisk politikk var ikkje typisk norsk, men typisk europeisk. «Indstilling i Justitssagen mod Jøden Henri Leia Henri Leia, der er over criminel Lavalder, tiltales under nærværende Sag for at have indfundet sig heri Landet uden Leidebrev. Ved egen Tilstaaelse er det beviist, saavel at Angjældende bekjender sig til den jødiske Religion som at han til forskjellige Tider har opholdt sig her i Riget. Angjældende maa saaledes straffes efter 3-22-1 samt bringes ud af Landet. Thi indstilles ærbødigst: At Jøden Henri Leia straffes med en Mulct af 800 Spd. og efter offentlig Foranstaltning bringes ud af Landet, samt at han tilpligtes at betale Arrest og Varetægts-Omkostninger efter approberede Regninger.» Christiania d. 28de Januar 1833. Overretspr. Gude ved Lund.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2014-11-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Scandinavian Academic Press
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
E-bok

Forfatter