Fridtjov & Ingebjørg er ei forteljing om vennskap og makt og samstundes ei av dei mest underhaldande sogene om og frå vikingtida. Boka er ein frodig illustrert og forenkla versjon av den kjende norrøne soga om Fridtjov den frøkne. Soga handlar om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dottera til kong Bele. Etter at kongen dør, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er i mot eit bryllaup mellom Ingebjørg og Fridtjov. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter etter kvart systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike. Dei siste ti-åra har denne delen av den norske kulturarven vore vanskeleg tilgjengeleg. I fjor vart nyomsetjinga av heile den gammalnorske teksten utgitt i ny språkdrakt av Jon Fosse, Soga om Fridtjov den frøkne (SKALD, 2013).
Les mer
Fabelaktig festleg om Fridtjov den frøkne og frøken Ingebjørg.

Produktdetaljer

ISBN
9788279592150
Publisert
2014-10-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
680 gr
Høyde
290 mm
Bredde
190 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
100

Forfatter
Illustratør